Historiske Emma (18) vann ei av verdas største tennisturneringar

Britiske Emma Raducanu (18) var rekna som den 338. beste tennisspelaren i verda for kort tid sidan. Så slo ho til og vann US Open.

US Open
  • Den fjerde og siste av dei årlege Grand Slam-turneringane i tennis.
  • Blir spelt på USTA Naional Tennis Center i Queens, New York.
  • Vart arrangert for første gong i 1881.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg visste at eg måtte grava djupt, men at eg kom til å halda meg roleg i dei tøffe periodane av finalen, sa Emma Raducanu (18) til arrangøren av US Open etter den sensasjonelle sigeren.

US Open er ei av dei største tennisturneringane, og finalen vart spela mellom Leylah Fernandes og Emma Raducanu. Dei to var rekna som nummer 73 og 150 i verda før kampen starta, skriv VG.

Førebilder for den kommande generasjonen

Begge finalistane er fødde i same år. Fernandes fylte 19 år for ei veka sidan, medan Raducanu har bursdag i november.

– Eg håpar at den komande generasjonen kan følgja i fotspora til legendene som spelar tennis no, sa ho då ho mottok premien sin.

Før finalen starta, fortalde ho om styrken sin no når ho tek steget opp og fram i tennisverda. 

– Å vera ung – det er ein del av deg som gjer at du er heilt fri.