Noreg endrar namnet på Kviterussland

Utanriksdepartementet vil frå no av bruka namnet Belarus i staden for Kviterussland.

– Me meiner det er rett å endra namnet, i solidaritet med den belarusiske demokratibevegelsen, seier statsminister Jonas Gahr Støre i ei pressemelding frå Regjeringa. 

Statsministeren har møtt leiaren i demokratibevegelsen, som heiter Svjatlana Tsikhanowskaja. Ho meiner at heile det internasjonale samfunnet bør endra bruken av Kviterussland til Belarus.

– Ho takka for avgjerda

Kviterussland vart eit sjølvstendig land i 1991, etter oppløysinga av Sovjetunionen. I dag har dei tette bånd til Russland. Utanriksminister i Noreg, Anniken Huitfeldt, meiner likevel at det er viktig å omtala landet med sitt eigentlege namn, for å skapa eit tydeleg skilje mellom Russland og Kviterussland. 

Tsikhanowskaja vart svært glad då Huitfeldt ringte for å informera om namneendringa.

– Ho takka for avgjerda, seier utanriksminister Huitfeldt.

Med namneendringa følgjer Noreg etter Sverige og Danmark. Dei endra namnet til Kviterussland i 2019 og 2020.