Teikningar frå ukrainske flyktningbarn

Tanks, helikopter, døde kroppar og øydelagde heimar. Redd Barna har samla inn teikningar frå ukrainske barn på flukt.

Ifølgje FN er meir enn 5 millionar menneske – inkludert 2,8 millionar barn – på flukt frå Ukraina. Då den første av millionar av familiar frå Ukraina byrja å kryssa grensa til Romania, oppretta Redd Barna eit barnevennleg rom på Bucurestis største togstasjon.

Tusenvis av flyktningar passerer gjennom stasjonen kvar dag.

Rommet er laga for å gje barn sjansen til å vera barn igjen etter dei opprivande opplevingane på flukt. Her får dei også teikne og setja ord på dei vonde opplevingane.

Hilda (12) teikna ei gråtande kvinne kledd i fargane til det ukrainske flagget saman med ein ansiktslaus grå soldat og bomber som fell frå eit fly:

Eit anna barn teikna to tanks som køyrer:

Og her er nokre andre teikningar frå barna på flukt: