Kunstig intelligens: Kva kan det hjelpa oss med?

Kunstig intelligens blir heile tida ein større del av liva våre. Men veit du eigentleg kva det er for noko, og korleis teknologien kan gjera liva våre lettare?

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Kunstig intelligens ein teknikk som blir brukt for å hjelpa oss menneske, men det treng ikkje å vera ein fysisk robot som liknar på oss menneske.

Det kan også vera skjult i mobiltelefonen du har i lomma, på nettbrettet du brukar på skulen og på GPS-en familien din har i bilen.

For å sjå nærmare på korleis den kunstige intelligensen hjelper oss, har me samla saman nokre eksempel.

1: Google

YouTube, Google bilde, Google Translate og sjølve søkemotoren til Google, er alle laga ved hjelp av kunstig intelligens.

Viss me bruker YouTube som døme, så blir det der lasta opp om lag 400 timar med innhald kvart minutt, skriv DN. For å ha oversikt over om dette innhaldet er i tråd med reglane til tenesta, og at videoane blir kategorisert rett, brukar dei kunstig intelligens.

 

2: Digitale strøymetenester

Har du tenkt over korleis det er mogleg at du kan få personlege anbefalingar på Netflix? Korleis veit de kva du likar?

Tenesta med fleire millionar kundar, brukar kunstig intelligens for å analysera alt det du ser og har sett.

Ved å ta utgangspunkt i det, kan dei koma med personaliserte anbefalingar til nye seriar og filmar når du loggar deg inn.

 

3: Medisin

Kunstig intelligens blir allereie mykje brukt i medisin, då den kan hjelpa både folket og helsevesenet. Det blir mellom anna brukt i røntgen, for å analysera bilde automatisk.

Forsking viser at den kan stilla like gode diagnosar som legar – men at den også gjer prosessen mykje raskare og meir nøyaktig enn eit menneske, skriv SINTEF. Slik kan for eksempel pasientar med kreft få raskare hjelp.

 

4: Bil-industrien

Moderne bilar er stappfulle med funksjonar for både tryggleik og underhaldning. Desse funksjonane ville ikkje vore moglege utan bruk av kunstig intelligens, skriv zephyrnet.com.

Spesielt er kunstig intelligens brukt for å gjera bilturen ein tryggare reise, då teknologien kan varsla sjåføren ved ein eventuell farleg situasjon. Eit døme er at bilane kan merka om den bevegar seg over i feil felt. Då vil bilen varskua sjåføren. Nye bilar kan også lukeparkera seg sjølv, utan hjelp av menneske.