Kva er ein satellitt?

Ein satellitt kan jobba på eigahand, eller den kan samarbeida med fleire satellittar som løyser ei felles oppgåve. Men, kor stor eller liten kan ein satellitt vera?

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Ein satellitt er eit objekt som går i bane rundt ein himmellekam. Himmellekamar er objekt i verdsrommet, slik som til dømes planetar, sola, månen, og stjerner.

Ein satellitt kan anten vera naturleg (ein måne) eller kunstig plassert i bane av menneske. Slik som Sputnik 1 (hovudbilete). I daglegtale blir ordet satellitt oftast brukt om kunstige satellittar.

Kor tung er ein satellitt?

Satellittar kan ha mange ulike storleikar.

Satellittar som blir kalla «tradisjonelle satellittar», er store satellittar som veg over eitt tonn. Ein liten satellitt er under 500 kilo, minisatellittar er under 250 kilo, mikrosatellittar er under 50 kilo og nanosatellittar er under 10 kilo.

(Kjelde: Wikipedia)

EIN VARIANT: Satellitten du ser på bilete er ein «Geostasjonær satellitt» som mellom anna viktig for moderne navigasjon med GPS-system og for telekommunikasjon over heile jorda. Foto: met.no / Wikimedia Commons