Byggjer satellittar som skal til verdsrommet: – Utruleg kult

Kva skal eigentleg til for å byggja ein satellitt som kan sendast ut i verdsrommet? Me har tatt oss ein prat med Eivind Heggset (27), som saman med om lag 60 andre personar i Orbit, gjer nettopp det.

Tema: gjer det sjølv
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

– Eg har alltid vore interessert i verdsrommet, men som barn tenkte eg at det ville bli vanskeleg å jobba med det. Det har endra seg, seier Eivind Heggset. 

Eivind er sjef i studentorganisasjon Orbit i Trondheim. Der er dei i overkant av 60 studentar som håpar å skriva norsk romhistorie. Dei jobbar nemleg med to satellitt-prosjekt som skal ut i verdsrommet.

– SelfieSat skal til verdsrommet frå USA i sommar. FRAMsat-1 skal skytast opp frå Andøya i Noreg seint i 2022, og det blir den første oppskytinga frå Nord-Europa gjennom tidene. Det er ordentleg kult, seier han.

SelfieSat: Slik ser satellitten med namn «SelfieSat» ut. I sommar skal han sendast ut i verdsrommet.

Kan jobba døgnet rundt

Å byggja ein satellitt betyr uendeleg med arbeid. Eivind fortel at dei som er med i Orbit brukar mykje av fritida si på prosjekta. Derfor har dei ikkje tid til ein jobb utanom studiane.

– Me kan ha periodar der me må bestemma oss for at ting som må skje akkurat no. Då jobbar me døgnet rundt.

I desse dagar er det ferdigstillinga av SelfieSat som tek mest tid. Han skal sendast til USA i slutten av mars, og Orbit håpar han kan gi svar på fleire spennande spørsmål.

– Mykje av det satellittane gjer er vanskeleg å forstå, men også veldig viktig. Me ville derfor laga noko som me lærte mykje av, men som også var morsomt og enkelt for kven som helst å forstå, seier Eivind.

Draumejobben: Eivind Heggset er klar på at han har draumejobben. – Eg håpar eg kan
driva med dette i åresvis, seier han.

Skjerm rett ut i verdsrommet

SelfieSat skal læra oss om korleis bilder frå satellittar kan vera så små som mogleg, men samstundes innehalda god informasjon. I tillegg skal han også ta med publikum. Han er nemleg utstyrt med ein skjerm og ei selfiestang. Fleire skuleklassar har sendt inn bilder som blir med satellitten ut i verdsrommet.

– Me er av dei første som brukar ein skjerm rett ut i verdensrommet. Sidan der er masse stråling, veit me ikkje korleis det kjem til å gå. Viss me er heldig kan selfiearmen læra oss korleis skjermar reagerer på å vera i verdsrommet.

Tek lang tid: For å laga ein satellitt, treng ein tid og god hjelp. To av dei som har lagt ned mykje jobb, er Mari Linnerud & Magnus Mæhlum. – Det er mange som har heia og stilt opp når me har trengt hjelp, seier Eivind Heggset.

– Ta dei moglegheitene du får

– Det er utruleg kult å få vera med på noko som skal sendast ut i verdsrommet, seier Eivind.

Han skryt av folka han jobbar saman med, og omtalar dei som ein gjeng som angrip utfordringar og har eit brennande ønskje om å få til noko. Han har ei oppfordring til alle barn som har lyst å jobba med det samme som han:

– Viss du brenner for noko, må du ta dei moglegheitene du får. Det er så kult å jobba med noko som er så kjekt, seier han. 

Selfie frå verdsrommet: Viss alt går som Orbit håpar, kan selfie-armen til SelfieSat ta verdas første space selfie.

? Eivind sin kulaste funfact om verdsrommet: 

Eivind fortel at han er oppteken av tal og storleikar på ting, og spesielt storleiken på universet. I og med at det er vanskeleg å sjå for seg for stort universet er, er det kult å samanlikna det med noko på jorda.

– Det er ganske mange sandkorn på jorda. Viss du går i alle ørkenane og på alle strendene og tel alle sandkorna du finner, får du eit enormt høgt tal. Det som er kult, er at det er sinnsjukt mange fleire stjerner i verdsrommet enn det er sandkorn på jorda.