Ekspert: TikTok har mest falske nyhende om krigen i Ukraina

TikTok har på kort tid vorte den fremste kjelda til feil informasjon om krigen i Ukraina.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Kvar dag ser Shayan Sardarizadeh, som er undersøkande journalist i BBC, gjennom falsk informasjon om krigen i Ukraina.

– Denne krigen er verkeleg ikkje bra for TikTok. Eg har ikkje sett noka anna plattform med så mykje falskt innhald, seier Sardarizadeh til NRK.

Han jobbar i ei gruppe som avdekker feil informasjon i sosiale medium.

GIF: giphy.com

– Me har sett alt: Videoar frå tidlegare konfliktar som blir resirkulerte, ekte bilete som blir framstilte på ein villeiande måte, ting som er openbert falske, men som likevel får titals millionar visningar, fortel han.