Unngå skumle greier på nett

Eivind Reiner-Holm, som jobbar i Nettvett.no, er ekspert på skumle greier som kan dukka opp på internett. Her får du svar på 6 spørsmål mange lurer på.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– Det er mange farar og situasjonar å plumpa ut i. Det er jo ei aldersgrense på sosiale medium på 13 år, men me veit at mange yngre også nyttar desse kanalane. Då er det viktig å vita kva du må passa deg for, seier han.

Privat eller offentleg konto?

– Mitt råd er å ha ein privat konto. Då har du større kontroll på kven som ser bilete og informasjon du legg ut. Det er alltid ein fare for at nokon kan få tak i det du legg ut, til og med på private kontoar. Derfor er mitt råd å berre leggja ut innhald du kan tåla at kven som helst får tak i. 

EKSPERT: Det er jo ei aldersgrense på sosiale medium på 13 år, men me veit at mange yngre også nyttar desse kanalane. Då er det viktig å vita kva du må passa deg for, seier Eivind Reiner-Holm. Foto: Norsis.no

Kva gjer eg når noko ubehageleg skjer?

– Viss nokon er ekle, skremmer deg, pressar deg til å senda bilde, personlege opplysningar eller til å møtast via webkamera – avbryt kontakten med ein gong! Sei ifrå til ein vaksen du stoler på og rapporter og blokker brukaren.

– Det er mange tilfelle der barn og unge har blitt pressa for pengar, og etter at dei har betalt kjem endå eit krav om endå meir pengar. Derfor må ein aldri betala dei som gjer slikt, men snakka med ein trygg vaksen som kan hjelpa.

– Viss nokon sender deg bilde av kjønnsorgan eller seksualiserte bilde som du ikkje har bedt om reknast det som offentleg blotting. Du kan melda personen, og dei kan få bøter eller fengselsstraff. Blir det for vanskeleg å snakka med ein vaksen du kjenner, kontakt Slettmeg.no.

GIF: Giphy.com 

Kan eg dela bilete av andre?

Viss du skal dela bilete av andre, må du ha deira samtykke. Det same gjeld om andre deler bilete av deg – du skal bestemma om det er greitt eller ikkje.

 

Bør eg dela passord med andre

– Nei. Eit tips er å skriva passord og brukarnamn på ein lapp og leggja det ein trygg stad. Det kan vera fint for foreldra dine å vita kor dei skal finna det om det skulle bli nødvendig. Koden til telefonen bør du også halda for deg sjølv – og skriva ned på same ark som innlogginga til sosiale medium.

GIF: Giphy.com

Kva er falske nyhende?

– Sjekk om same informasjon står i fleire nettaviser/andre sider på internett. Sjekk kjelda om du er usikker på om det som står skrive er sant. 

På Instagram og TikTok kan du sjå om kontoen som deler informasjon har ei blå hake ved profilbildet. Dette merket viser at kontoen er kontoen er verifisert av dei som står bak til dømes TikTok eller Instagram. Dei har sjekka at det er rett person som står bak kontoen. Men, same reglar gjeld her også – sjekk om det er ei truverdig kjelde, og sjekk om du finn same informasjon andre plassar på internett.

 

Kan eg bli svindla på nett?

– E-postar med supergode tilbod, eller med beskjed om at du har vunne ein konkurranse er som regel rein svindel. Du bør dobbeltsjekka adressa e-posten kjem frå, og du kan òg søka opp innhaldet for å sjå etter åtvaringar frå andre på nett.

GIF: Giphy.com

– Svindlarar sender også ut e-postar som ser ut som dei kjem frå til dømes Netflix, og be deg om å oppdatera betalingsinformasjonen. Dette gjer dei for å prøve å lura og svindla deg.

Når det gjeld konkurransar på sosiale medium eller på nettsider, er det viktig at du stoppar opp og tenkjer deg om før du deltek. Tenk – kva er dette eigentleg? Er det ekte? Er dette noko eg vil spreia på internett? 

 

Bør eg lasta ned filer?

Nettet florerer av filmar, spel og musikk som ofte kan lastast ned gratis. Hugs at desse filene kan innehalda virus, som kan føra til at du til dømes blir svindla for pengar når du bruker bankkortet ditt på nett.

GIF: Giphy.com

Kan eg handla varer på nett?

Det er ingen aldersgrense på netthandel, men du må vera forsiktig. Det finst nettsider som ser ut som nettbutikkar, med populære varer, men som er falske. Skal du vurdera om butikken er ekte, kan du sjå etter kontaktinformasjon og organisasjonsnummer – dette skal vera synleg dersom det er ein seriøs butikk. 

Det finst òg uærlege folk som bruker sider som Finn.no, eBay.com og liknande for å svindla folk. Vêr forsiktig med å overføra eller vippse pengar til nokon før du har fått det du skal ha. Viss prisen verkar for god til å vera sann, er den som oftast det.