– Venskap er viktigare enn aldersgrenser

Rune Fjeld Olsen, speljournalist i Level Up Noreg og spelkritikar i NRK, meiner det er verre å bli utestengd frå venegjengen enn å spele spel med for høg aldersgrense.

FAKTA: Gaming

Dataspel utgjer ein stor del av kvardagen til barn og unge. Ifølgje Medietilsynets undersøking Barn og medium 2020 speler 96 prosent av alle gutar og 76 prosent av alle jenter mellom 9 og 18 år dataspel.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Aldersgrenser på spel i Noreg er rettleiande. Det betyr at det er opp til foreldre å avgjera om barna deira er klar for å spela dei ulike spela, seier Rune Fjeld Olsen.

I Noreg spelar mange barn og unge spel med høgare aldersgrense. Det kan skapa vanskar i venegjengen når nokon får lov, medan andre må venta.

Foto: Privat

– Personleg meiner eg at det å hamna utanføre venegjengen kan vera verre enn om barna får spela spel med høgare aldersgrense, seier Rune.

Spel og verkelegheit

Han meiner at barn klarar å skilje mellom spel og verkelegheita.

– Fortnite er eit spel om våpen, men for barna handlar det om at det er ein konkurranse. Det er ingen undersøkingar som viser at vald i spel fører til at barn blir valdelege, seier han.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Men det er ein ting Rune meiner er det viktigaste å passa seg for.

– Du må vera veldig forsiktig med kven du blir vener med. Det er ikkje alle som vil deg godt – og dette gjeld særleg viss du spelar spel med høgare aldersgrense, seier Rune.