Delfinar lærer «namna» på venene sine for å danna lag

Dei er dei første i dyreriket som gjer dette, utanom menneska.

Delfinane er smarte dyr, og på enkelte område er dei veldig lik oss menneske.

No har forskarar funne ut at dersom mannlege delfinar er i ein situasjon der andre prøver å stela frå dei, eller om ein dame-delfin er i nød – ja då «ropar» dei etter hjelp, skriv Science.

Ein ny studie viser at dei gjer dette ved å læra «namna», eller signaturlyden til dei næraste venene sine. Det er også kome fram at dei mannlege delfinane hugsar kven dei har samarbeida godt med tidlegare.

Jobbar saman i lag

Funna viser at mannlege delfinar i større grad enn me har trudd tidlegare, jobbar i lag og held seg saman med den same flokken «heile livet». Den næraste flokken er to-tre dyr, som forskarane kalla «første allianse». Men dei har også har ein større sirkel på opp mot 14 dyr, som blir kalla «andre allianse».

Dette er eigenskapar som tidlegare berre er funne hjå oss menneske.

– Dette er ei banebrytande studie, seier Luke Rendell, som er åtferdsøkolog ved University of St. Andrews. Han var ikkje involvert i forskinga.

Fløyta er nøkkelen

Forskarane hevdar at det er fløyta til delfinane som er nøkkelen. Kvar delfin lærer ei unik signaturfløyte frå mora si, som dei held på resten av livet. Dei kjenner att og hugsar andre sin lyd. Dette kan samanliknast med korleis me menneske får namn og hugsar andre sitt namn.

For å undersøka korleis dei mannlege delfinane brukar fløyta si, har forskarane brukt mikrofonar under vatn. Dei spelte av fløyte-lydar til forskjellege grupper av delfinar.

– I 90 prosent av eksperimenta, vende delfinane som høyrde lyden til alliansemedlemmar seg umiddelbart mot den. Funna tydar på at delfinar – slik som oss menneske – er ein del av eit «lag som er basert på tidlegare samarbeid, snarare enn kor gode vener dei er», seier Stephanie King, som er hovudforfattaren av studien.