Elevar med dysleksi får hjelpemiddel på nasjonale prøvar

Elevar med dysleksi får endeleg bruka dei hjelpemidla dei er vant til, på nasjonale prøvar i lesing og engelsk.

FAKTA DYSLEKSI:
  • Dysleksi er ein lærevanske.
  • Det er medfødd og noko som du vil ha heile livet. Det skuldast ikkje dårleg opplæring eller svake evner.
  • Om lag 5 prosent har dysleksi, og det er like mange jenter som gutar som har det.
  • Dysleksi er arveleg.
  • Dei som har dysleksi har ikkje problem med å forstå innhaldet i det dei les, men med å lesa i seg sjølv. Det er også vanleg med skrivevanskar.

Kjelde: dysleksinorge.no

LES FAKTALUKK FAKTA

For tre år sidan sende Sindre Nyfløt Lie (13) eit brev til statsministeren om kor urettferdig han meinte nasjonale prøvar er.

Han fekk nemleg ikkje lov til å ta dei. Det var avisa Hadeland som tidlegare i år snakka med Sindre.

Sindre har dysleksi og ein augesjukdom som gjer at han treng hjelpemiddel når han gjer lekser. Han har til dømes eit lite kamera han kan festa til brillene sine som kan lesa teksten for han, og fleire dataprogram som gjer det same.

Desse har han ikkje fått lov til å ta med seg til nasjonale prøvar. Men no har han omsider fått gladnyheita: No skal det bli lov!

Les også: Thea og Madeleine har dysleksi: – Anne er lesekompisen vår

Skal gjelda frå hausten 2022

Nyleg gjekk Utdanningsdirektoratet til Kunnskapsdepartementet med eit ønske om å tillata tilrettelegging ved nasjonale prøvar i lesing og engelsk. Kunnskapsdepartementet sa ja, og moglegheita for å bruka hjelpemiddel skal gjelda frå og med hausten 2022.

Caroline Solem, som er generalsekretær i Dysleksi Norge, seier at sjølv om elevar med dysleksi kan streva med å avkoda ein tekst, så kan dei ha god leseforståing:

– No kan dei endeleg få lov til å visa det, også på nasjonale prøvar, gjennom å bruka dei hjelpemidla dei er vant til, seier ho i ei pressemelding.

Å avkoda ein tekst handlar om kor god ein er til å omsetja skrivne ord til talte ord.

– Eg er veldig glad

– Eg er veldig glad for at alle no kan få moglegheit til å visa det dei kan. For meg betyr det at eg kan gjera det som dei andre i klassen, og samtidig føla meistring, seier Sindre til Dysleksi Norge.

Dei nasjonale prøvane kjem til å bli gjennomførte frå 5. til 30. september, og dei er obligatoriske for alle elevar på 5., 8. og 9. trinn.