Samane har åtte årstider

Visste du at samane har åtte årstider? Det er det ein heilt spesiell grunn til.

Dei åtte årstidene er nemleg knytt tett opp mot reinen. Og som me veit er reinen ein viktig del av den samiske kulturen.

Reineigarane har tilsyn til reinflokken sin heile året, men nokre oppgåver er spesielle for den enkelte årstida, skriv Sami Siida. 

Visste du forresten at reinsdyra kan vandra opp mot 600 kilometer kvart einaste år? Her får du ein innføring i dei åtte årstidene, og kva som typisk skjer i dei.

Les også: Ina-Theres (25) driv med rein: – Nyfødde kalvar er det desidert finaste

Dálvi: frå desember til februar

Dálvi betyr vinter og vinterbeite, og i denne perioden er reinsdyra ute på vinterbeite. Dei grev seg beitegroper for å finna fram til lavet som ligger under snøen. I tillegg prøver dei å spara på kreftene.

Giđđadálvi: frå februar til mars

Giđđadálvi betyr vårvinter. I februar og mars er reinsdyra framleis på vinterbeite, men no er det vanleg at eigarane deira sjekkar korleis tilhøva deira er. Målet er at reinsdyra skal ha dei beste tilhøva for å finna mat og beite.

Giđđa: frå april til mai

Giđđa betyr vår, og på denne tida startar snøen å smelta. Når det skjer, trekkjer reinsdyra til områda der dei kan få kalvar.

Saka held fram under bildet.

Reinsdyra er viktige i den samiske årskalendaren. Foto: Nicolas Lafargue / Unsplash.com

Giđđageassi: frå mai til juni

Giđđageassi betyr vårsommar. I denne tida er det tid for kalving. Mamma-reinen trekkjer seg mot sine faste kalveområde, og der føder mødrene ein kalv kvar.

Geassi: frå juni til august

Geassi betyr sommar. I denne tida er reinsdyra på sommarbeite, som gjerne er i låglandet eller ved kysten. Kalvane et seg store og sterke og brukar tid til å gjera seg klar for den lange og kalde vinteren.

Čakčageassi: frå august til september

Čakčageassi betyr haustsommar. No er det tid for å øyremerka kalvane som vart fødd på vårsommaren, slik at eigarane finner dei att. Dette er også tida der oksane blir slakta.

Čakča: frå oktober til november

Čakča betyr haust – og det er tid for parring. I løpet av oktober og november forflyttar reinsdyra seg til haustbeitet, der dei har paringstid.

Čakčadálvi: frå november til desember

Čakčadadálvi betyr haustvinter – og då er det tid for slakt. I løpet av desse to månadane samlar reineigaren alle reinsdyra sine, for å merka dei og slakta dei som skal slaktast. I slutten av denne perioden blir reinsdyra flytta tilbake til vinterbeitet.