Skulehagen bidreg til betre fysisk helse

Resultat frå forsking, viser at det å vera i skulehagen er bra for barn.

Tema: gjer det sjølv
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Det finst lite norsk forsking på korleis barn reagerer på å bruka tid i skulehage. Derimot er det noko internasjonal forsking, der ein har komme fram til viktige funn, skriv «Skolehager i Norge».

Den internasjonale forskinga viser mellom anna til at tid i skulehagen fører det til betre fysisk helse.

Grunnen er at barna i større grad er i fysisk aktivitet i skulehagen enn elles på skulen. Dei aller fleste synest det er kjekt å vera i skulehagen.

Mange meiner at det er kjekt å jobba med hendene, og denne entusiasmen smittar også over til foreldra.

Les også: – Me lærer masse i skulehagen

Betre for klimaet

Gif: giphy.com

Forskinga viser også at det å vera i skulehagen er bra for det sosiale, for å læra om mat og om klimaet på jorda.

Å vera og jobba saman med andre i skulehagen, gjer at barn blir flinkare til å samarbeida og kan ha lettare for å få nye vener.

At barna lærer seg å dyrka i hagen, er også bra for læring om mat og ernæring. Dei som har brukt litt tid i skulehagen, melder om at dei et meir grønsaker og frukt. Dette er igjen bra for klimaet, då kunnskapen om krinslaupa i naturen blir betra av å læra om korleis alt heng saman i naturen.

Har skulen din skulehage?

Har skulen din skulehage?

Ja15
Nei40
Svar totalt: 55

Har de ikkje skulehage på skulen din? Her kan du lesa tips til korleis du går fram.