Barnas Klimapanel: Bli betre kjent med Benjamin (15)

Dei neste dagane vil me visa fram åtte engasjerte barn og unge som er med i Barnas Klimapanel. I dag får du bli betre kjent med Benjamin Lau-Henriksen frå Oslo.

Er dette første gong du er med i Barnas klimapanel?

Nei, eg har vore med to gangar før.

Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

Det er vanskeleg å svara på, alt er eigentleg viktig. Sidan eg er frå Noreg må det vel bli olja då, på grunn av ansvaret vårt.

Kva gler du deg til i arbeidet med panelet?

Eg gler meg til alt, men spesielt å snakka med politikarar og skriva rapporten.

Kva likar du å gjera på fritida di?

Eg driv med judo, rollespel og bass, og så er eg interessert i historie (mest vikingar), fysikk og politikk. Dessutan les eg mykje. Akkurat no låner eg sju bøker frå biblioteket og held på med to eigne!

Kva er favorittfilmen din?

Eg veit ikkje, eg ser veldig lite på film. Kanskje «The hate U Give»?

Favorittleiken din?

Dessverre leikar eg ikkje så mykje lengre, men eg er veldig glad i å fekta med lateksvåpen.

Ditt favorittspel?

Eg er veldig glad i å spela «World of Warcraft».

Korleis vil du beskriva deg sjølv?

Det er eit vanskeleg spørsmål! Eg er vel ganske engasjert i mykje, så engasjert? Eg veit ikkje.

Dilemma 1: Ville du eta ei skål med meitemark eller sova med edderkoppar i senga?

Eg synest edderkoppar er ganske søte, så det må nok bli å sova i same seng som dei.

Dilemma 2: Ville du vore innelåst i eit rom med prompelukt eller isbada kvar dag i ei veike?

Isbading er veldig gøy, det gjer eg gjerne!