No er dei nye emojiane til Apple her

Kan nokre av desse bli din nye favoritt-emoji? No er utvidar Apple biblioteket sitt med 37 nye emojiar.

Fleirfoldige nye emojiar er no tilgjengeleg for bruk, viss du har ein iPhone med den nyaste oppdateringen. Emojiane gir deg alt frå hender som formar eit hjarte, til ein bitande leppe og eit smeltande fjes.

Sistnemnde blir nok sikkert ein vinnar når sommarvarmen endeleg brer om seg i Noreg.

 37 nye emojiar klar for bruk

Emojipedia publiserte ein liten smakebit på dei 37 nye emojiane seint i januar, etter at organisasjonen Unicode Consortium godkjende dei i september 2021. 730.no skriv at den 31 år gamle organisasjonen skapar eit standard teiknsett, som kan brukast på alle datamaskiner. Teiknsettet støttar alle språk som er i bruk.

Etter å ha vore ute til testing ei stund, er dei no endeleg klar for bruk av alle som har den nyaste oppdateringen installert på telefonen sin.

Her er eit utvalg av dei nye emojiane du kan bruka med iOS 15.4: 

Skjermdump: Emojipedia / Apple