Barnas Klimapanel: Bli betre kjent med Jakob (11)

Dei neste dagane vil me visa fram åtte engasjerte barn og unge som er med i Barnas Klimapanel. I dag får du bli betre kjent med Jakob Sande Haugset frå Gloppen.

Er dette første gong du er med i Barnas Klimapanel?

Nei, eg var med i fjor også.

Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

Det viktigaste er at me sluttar å pumpa opp olje, og at det ikkje blir dumpa gruveslam i Førdefjorden.

Kva gler du deg til i arbeidet med panelet?

Eg gleder meg til å gjera ein innsats for framtida! Og til å møte andre engasjerte barn og unge.

Kva likar du å gjera på fritida di?

Eg går på Taekwondo og 4H, og er leiar for Miljøagentane i Gloppen.

Kva er din favorittfilm?

Favorittfilmen min er «Don’t look up», fordi den minner om klimakrisa. Dessutan er det ein god film!

Din favorittleik?

Eg likar «spark på boks».

Ditt favorittspel?

Favorittspelet mitt er «Kampen om Nordfjord», fordi det er gøy og lokalt.

Korleis vil du beskriva deg sjølv?

Eg er ein engasjert gut!

Dilemma 1: Ville du ete ei skål med meitemark eller sove med edderkoppar i senga? 

Helst ingen av dei, men heller edderkoppar enn meitemark.

Dilemma 2: Ville du vore innelåst i eit rom med prompelukt eller isbade kvar dag i ei veke?

Eg ville ha isbada kvar dag, for eg har ikkje noko i mot isbading.