Barnas Klimapanel møtte kronprinsparet

Kronprinsparet fekk besøk av eit superengasjert Barnas Klimapanel førre veke. 

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit inviterte klimapanelet på lunsj. Leiaren i Barnas Klimapanel, Emanuel Smári Nielsen, opplevde møtet som svært viktig og motiverande.

– Me fekk prata i to timar med kronprinsparet, og det gav oss ein fantastisk moglegheit til å snakka om viktige klima- og miljøsaker. Me snakka om korleis me unge engasjerer oss, kva me opplever, kva kronprinsparet kan hjelpe med, og kva som må til for å snu det som skjer med verda, fortel han.

Som middag med familien

Til lunsj fekk klimapanelet servert skrei og blåbærmousse.

– Det er lenge sidan eg har ete lunsj på det nivået! Det var chill og roleg. Du kan sjå føre deg ein middag med familien – der den gode samtalen om politikk flyt rundt bordet. Slik var det – men med kronprinsparet!, smiler Emanuel.

Under lunsjen snakka dei mellom anna om vaksne som mobbar klimaengasjerte barn.

– Det er mange unge som blir skremt vekk frå å jobbe med klima i møte med vaksne som kjem med stygge kommentarar. Det kan vera veldig tungt for unge som berre vil gjera verda til ein betre stad – men som i staden blir jaga vekk, seier Emanuel som sjølv har høyrt om fleire mobbetilfelle.

MØTE: Emanuel Smári Nielsen (14), som sit i midten, og Benjamin Lau-Henriksen (15) som sit til høgre møtte kronprins Haakon (til venstre). Foto: Lise Åserud / NTB

Barnas Klimarapport

Panelet fekk også overrekke og vise fram klimarapporten dei har jobba med.

– Panelet si oppgåve er å formidla spørsmål og meiningar frå barn og unge i heile Noreg. Me snakkar på vegne av alle, og det gjorde me også denne gongen, fortel han.

Med seg hadde dei rapporten dei jobba med i heile fjor.

– Kvart år lagar klimapanelet ein heilt unik rapport om klima. Den er skrive av barn ut frå barn sine idear. I rapporten har me med oss tusenvis av innspel frå alle barn og unge i Noreg. På lunsjen fekk me fortelja om rapporten, slik at kronprinsparet no veit kva me har jobba med, fortel Emanuel.

– Korleis opplevde du Haakon og Mette-Marit sitt klimaengasjement?

– Brennande og høgt til stades! Dei er veldig opptekne av å inkludere barn og unge sine meiningar i arbeidet med klimaproblema. Dei vil lytta til oss, og me fekk delt mange tankar og idear med dei. Hovudbodskapen vår var at barn sitt klimaengasjement er superviktig, og det er kronprinsparet heilt einige i.

ÅRETS PANEL: Viljar Olaussen (11) frå Porsgrunn, Jakob Sande Haugset (11) frå Sandane, Emanuel Smári Nielsen (14) frå Oslo, Milla Søreide Charbaut (12) frå Florø, Isa Mellblom Theissen (13) frå Oslo, Benjamin Lau-Henriksen (15) frå Oslo, Olivia Moe-Jordan (13) frå Tromsø og Ulrik Hellum (13) frå Fredrikstad. Foto: Miljøagentene