Barnas Klimapanel: Bli betre kjent med Olivia (13)

Dei neste dagane vil me visa fram åtte engasjerte barn og unge som er med i Barnas Klimapanel. I dag får du bli betre kjent med Olivia Moe-Jordan frå Tromsø!

Er dette første gong du er med i Barnas Klimapanel?

Nei, dette er det andre året mitt i Barnas Klimapanel.

Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

Dei viktigaste klimasakene for meg er nok at Noreg MÅ senka oljebruken. Noreg, som er eit så rikt land, må gå føre som eit bra døme for andre land. Me må hjelpa fattige land til å bli meir miljøvennlege ved å gje dei meir pengar.

Kva gler du deg til i arbeidet med panelet?

Eg gler meg masse til å møta dei andre i panelet fysisk, laga rapporten, møta politikarar og andre viktige personar – og sjølvsagt til å reisa på klimatoppmøte i Egypt!

Kva likar du å gjera på fritida di?

På fritida mi, bortsett frå klimapanelet, er eg med på mange teatergrupper, songgrupper og dansegupper. Elles er eg med vener! Eg vil bli skodespelar når eg blir eldre.

Kva er din favorittfilm?

Oi, det er eit vanskeleg spørsmål. Det må kanskje vera «Me before You» eller «Prinsessen og frosken». Eg har alltid ønskt, heilt sidan eg var lita, å møta ein prins-frosk.

LES OGSÅ: Barnas Klimapanel: Bli betre kjent med Emanuel (14)

Din favorittleik?

Eg har ikkje berre ein favorittleik, men kanskje «Boksen går» eller «15 gjeld».

Ditt favorittspel?

Eg liker Cluedo, men eg har ikkje spelet heime og har heller ikkje nokon i familien som likar det. Så eg speler det aldri.

Korleis vil du beskriva deg sjølv?

Eg er ei engasjert, omgjengeleg, omsorgsfull, pratsam og morosam jente!

Ville du ete ei skål med meitemark eller sove med edderkoppar i senga? 

Æsj. Begge er jo veldig ekle, men eg ville kanskje ete meitemarkar.

Dilemma 2: Ville du vore innelåst i eit rom med prompelukt eller isbade kvar dag i ei veke?

Den her var ikkje så vanskeleg, fordi eg elskar å bada og kan gjera det heile året!