Barnas Klimapanel: Bli betre kjent med Emanuel (14)

Dei neste dagane vil me visa fram åtte engasjerte barn og unge som er med i Barnas Klimapanel. Fyrst ut er Emanuel Smári Nielsen frå Oslo!

Er dette første gong du er med i Barnas klimapanel?

Eg var med i klimapanelet til barna 2021, og er sjukt gira på å fortsetja å jobba i det beste panelet i verda i eitt år til!

Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

Klimasaka kan koplast til alt. Alt heng saman og må derfor løysast samanhengande og i takt. Derfor er eg meir opptatt av heilskapen når det kjem til klimakrisa. Saker der ein allereie veit kva dei katastrofale konsekvensane er, er ekstra engasjerande. Det er jo lettare å engasjere seg i noko som er aktuelt akkurat i dag. Det er vanskelegare å tenkja seg fleire tiår fram i tid.

Kva gler du deg til i arbeidet med panelet?

Arbeidet i panelet er veldig variert. Ein får gjort veldig mykje spennande innanfor fleire forskjellige felt, der fellesnemnaren er at det omhandlar klima og miljø. Samtidig er store møte som klimaforhandlingane i Egypt og møter med folk som kronprinsparet ekstra stas.

Kva likar du å gjera på fritida di?

Eg driv mykje med klimasaka og politikk på fritida. Det er vel det det går mest i. Kombinert med masse skule og venner. Lever ganske vanleg som ein engasjert 14-åring.

Kva er favorittfilmen din?

Det er vanskeleg i ta på sparket. Det endrar seg òg litt frå tid til annan. Men, filmar som komediar frå 80-talet slår aldri feil.

Favorittleiken din?

Viss sport tel er det klart fotball. Viss det meir går på leikar er raudt-grønt-lys ein favoritt.

Ditt favorittspel?

Idiot. Kortspelet, altså!

Korleis vil du beskriva deg sjølv?

Engasjert, morosam (liker eg å tru i alle fall) og omgjengeleg.

Dilemma 1: Ville du eta ei skål med meitemark eller sova med edderkoppar i senga?

Hadde nok vorte å sova med edderkoppar i senga. Er ikkje så redd for dei.

Dilemma 2: Ville du vore innelåst i eit rom med prompelukt eller isbade kvar dag i ei veke?

Isbade kvar veke er faktisk noko eg har tenkt på å byrja med – så det verkar ikkje så ille altså.