Porno fører til press blant unge

Redd Barnas rapport «Eit skadd bilde av korleis sex er – perspektiva til ungdom på porno» viser at barn og unge ønskjer seg at vaksne snakkar med dei om porno på ein ikkje-dømmande måte.

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Ein del bruker porno for å læra om sex, medan andre kjem over porno ufrivillig.

– Eg var ni år då eg byrja å sjå. Det er ikkje så lett å stoppa når ein først byrjar, det er jo spennande. Du blir veldig sex-fiksert når du ser det så tidleg. Det er dramatiske bilete som klistrar seg, fortel ein ungdom i rapporten til Redd Barna.

I rapporten skriv Redd Barna at sjølv om ungdom fortel at det å sjå porno kan vera positivt og gøy, trekker dei fram ei rekke problem. Til dømes at mange barn kjem over pornografi ufrivillig, og at det er enkelt å finna aggressivt, valdeleg og kvinnefiendtlig innhald.

Vil at vaksne skal snakka med dei

I svara til ungdommane redd Barna har snakka med, kjem det også fram at det kan vera ein samanheng mellom å sjå mykje porno og å utsetja jamaldra for seksuelle krenkingar.

Eitt tydeleg funn i rapporten er at ungdom sjølv etterlyser tiltak for å avgrensa tilgangen til porno blant dei yngste, og at dei ønsker betre informasjon og rettleiing for å handtera det dei ser. mange ønskjer seg at vaksne skal snakka med dei om porno på ein open og ikkje-dømmande måte.

(Kjelde: Medietilsynet)