Kva er eigentleg eit lysår?

Den nye planeten Proxima d er 4,2 lysår frå jorda. Kor langt er det eigentleg, og kva betyr det?

SNL skriv at eit lysår er ein måte å måla lengde på i astronomien – altså i alt som handlar om verdsrommet. Sjølv om ein kanskje skulle tru at lysår handlar om tid, gjer det altså ikkje det.

Eitt lysår er heile 9461 milliardar kilometer. Det er strekninga som lyset legg bak seg i løpet av eitt år.

Men har du lurt på kvifor me snakkar om lysår, og ikkje om kilometer og meter, når me skal diskutera avstandane i verdsrommet?

GIF: giphy.com

Les også: Har oppdaga ny planet

Upraktisk med meter og kilometer

Grunnen er ganske grei.

Lysår er blitt ein måleeining i astronomiske samanhengar, fordi det fort kan bli noko upraktisk å snakka om meter eller kilometer – då det er enorme avstandar i verdsrommet.

Viss me gjer avstanden mellom Proxima d og jorda om til kilometer, er Proxima d altså 39.736,2 milliardar kilometer vekke frå oss. Det er så langt at det er vanskeleg å sjå for seg.

Her er nokre andre avstandar, for å samanlikna:

  • Avstanden mellom Oslo og New York er 5.911 kilometer.
  • Avstanden mellom jorda og månen er 384.400 kilometer.
  • Avstanden mellom Jorda og Mars er 56 millionar kilometer.
  • Avstanden mellom jorda og sola varierer frå 147 millionar kilometer – 152 millionar kilometer.

Kanskje dei gjer det lettare å fatta kor langt vekke den nye planeten faktisk er frå jorda?