Dette er verdas største jordbær

Eit jordbær på storleik med ei potet tok nyleg toppen av bær-trona. Kroninga skjedde eit heilt år etter at det vart plukka.

– Me måtte venta eit år på å få resultatet.

Det seier Chahi Ariel til nyhendebyrået AP. Han er eigaren og plukkaren av det israelske jordbæret.

Etter eit langt år med venting, kunne han endeleg jubla. For no har Guinness rekordbok erklært det gigantiske jordbæret hans som verdas største.

Rekordbæret ved sidan av eit jordbær med vanleg storleik. Foto: AP Photo/Ariel Schalit

Har tapt seg litt etter eit år i frysaren

Vekta som måtte til for å dytta tidlegare gigajordbær av pallen, var 289 gram. Det er ei vekt som tilsvarar ei vanleg potet. Den tidlegare toppnoteringa var eit japansk bær som vog 250 gram.

Jordbæret vart plukka på Ariel sin familiegard, som er plassert nær byen Netanya i Israel i februar 2021. Heilt sidan den tid, har Ariel venta på tilbakemelding om jordbæret hans faktisk er verdas største.

Bæret, som ein gong var flott og frodig, har derfor tapt seg litt. Eigaren la det nemleg i frysaren medan han venta på svaret, og kan røpa at han ikkje synest det er særleg fint lenger.

Hoppa av glede

Likevel skulle ventetida visa seg å vera av det fruktbare slaget.

Sjølv om det har tapt seg litt, er eigaren svært nøgd med at bæret hans no kjem i Guinness rekordbok. Han vart faktisk så glad at han hoppa opp og ned i bilen sin, lo og song då han fekk den gledelege nyheita.

– Me er veldig glade for å vera i Guinness rekordbok, sa han.