Har oppdaga ein ny planet

Dette er Proxima d, planeten som ligg rundt 4,2 lysår vekke frå jorda. Astronomane som oppdaga han, trur at han kan ha myke å seia for framtidig utforsking av verdsrommet.

Funnet av den nye planeten vart gjort av ei gruppe astronomar. Leiaren av astronomane, heiter João Faria, og han jobbar på Institutt for astrofysikk og romvitskap i Portugal.

– Funnet viser at vår næraste stjernenabo ser ut til å vera fullpakka med interessante nye verder, innan rekkevidd for framtidig utforsking, seier João Faria.

Forskarane har funne fram til Proxima d ved hjelp av eit teleskop som berre har eksistert i om lag 20 år. Ved å bruka teleskopet, har dei funne ut at Proxima d går i bane rundt stjerna som heiter Proxima Centauri. Dette er den stjerna som ligg nærast vårt solsystem her på Jorda, skriv NRK.

Les også: Kva er eigentleg eit lysår?

Dette er eit bilde av stjerna Proxima Centauri, som er tatt av Hubble-teleskopet. Foto: ESA/HUBBLE & NASA

Liten sjanse for liv

Men dette er ikkje den einaste oppdaga planeten som går i bane rundt vår næraste sjernenabo! Tidlegare er det nemleg oppdaga to andre planetar som også går rundt Proxima Centauri.

Ein av dei er ein jordliknande planet, der det er moglegheiter for at det kan finnast vatn. Det er det derimot ikkje på Proxima d, sidan han ligg veldig nær stjerna.

Slik sett er det vanskeleg å sjå føre seg at det finst liv eller vatn der, som er naudsynt for det livet som me kjenner til.