Presidenten i Russland kan sitje til 2036

Det har vore val i Russland. Folket fekk røyste ja eller nei til å endre 14 viktige lover i landet samtidig. Dei kunne berre røyste enten "ja til alle lover", eller "nei til alle lover."

Fleire er kritiske til valet, fordi det gir president Vladimir Putin makt til å fortsetje som president.

Nokre av lovene som folket røysta om handla om saker mange vil ha. Til dømes høgare lønningar og pensjon.

Ei av dei nye lovene handlar også om at ekteskap berre kan skje mellom mann og kvinne.

Dei vil også ha inn i lova at tidlegare presidentar får immunitet eller fridom frå straffeforfølging når presidenten går av.

Men ei av lovane handla om å endre kor lenge same person kan vere president i Russland. I dag er det 12 år. Men med den nye lova blir det 12 år til.

På den måten kan den sitjande presidenten ha makta til 2036.