Kvar fjerde ungdom har opplevd hatprat

Ein av fire 15–20-åringar har opplevd hatprat på nett det siste året. Det viser ein ny rapport frå Medietilsynet.

Det er mest vanleg å få hatefulle kommentarar på Snapchat og TikTok, ifølge undersøkinga. 38 prosent av dei som har fått hatefulle kommentarar, har fått dette på Snapchat, medan 26 prosent har fått det på TikTok. Over 60 prosent av dei som har fått hatkommentarer, har fått dette via Facebook.

Kommentarar frå ukjente

12 prosent har fått hatefulle kommentarar som er retta mot hudfarge, etnisitet, religion, seksuell legning og nedsett funksjonsevne. Dei fleste får kommentarar frå personar dei ikkje kjenner frå før.

Dobbelt så mange jenter som gutar oppgir at dei blir negativt påverka av slike kommentarar. Ein tredel av 16–20-åringane som har mottatt hatkommentarer, svarer at dei fekk dårlegare sjølvtillit/sjølvbilde som følgje av kommentarane.

GIF: Giphy.com