Mosambik vil planta 100 millionar tre

Styresmaktene i Mosambik vil planta 100 millionar tre langs kysten, som er ramma av stigande havnivå og kraftigare stormar.

FAKTA: Mosambik
  • Mosambik er ein stat søraust i Afrika som har grenser til Malawi, Sør-Afrika, Swaziland, Tanzania, Zambia og Zimbabwe og kystline til Mosambikkanalen i Indiahavet.
  • Zambezielva renn gjennom nordlege område av landet.
  • Sjølv om dei sørlege områda av landet strekkjer seg ut av tropane, har heile landet eit typisk tropisk klima.
  • Tropiske syklonar går sjeldan inn over landet, men kan stundom gje store nedbørsmengder og flaum frå desember til april.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

Regjeringa i Mosambik har laga ein plan for å restaurera mangrove-skog langs kysten.

Mangrove er ein skogtype som veks på sand eller anna laust underlag i tidvassbeltet ved tropiske og subtropiske kystar. Skogen veks også der elvar munnar ut i havet.

Denne skogen i Mosambik er vorte hardt ramma av stigande havnivå og hogst til brensel og produksjon av trekull. No vil styresmaktene retta opp i skadane, skriv NRK.