Sjimpansar steller andre sine sår ved å bruka knuste insekt

For oss menneske er det innarbeidd at me desinfiserer og deretter dekkjer til sår med ein bandasje. Sjimpansane har derimot funne ein meir kreativ metode.

Dei fangar nemleg insekt og påfører dei direkte på det opne såret. Og det er ikkje berre sine egne sår dei fiksar – forskarar har også observert at sjimpansane hjelper andre jamngamle som har vore uheldige, skriv The Guardian. 

– Når du går på skulen, les du i biologibøker om alt det fantastiske dyr kan gjera. Eg trur verkeleg at dette funnet kjem til å bli noko som endar opp i desse bøkene, seier biolog Simone Pika til AFP.

Ho jobbar ved Universitetet i Osnabrück i Tyskland og er medforfatter av studien, som er publisert i tidsskritet Current Biology. Den har blitt eit viktig bidrag til debatten om dyr har det i seg å uselvisk hjelpa andre enn seg sjølv.

Fleire eksempel på bruk av insekt

Prosjektet starta i 2019, då ein vaksen kvinneleg sjimpanse vart observert medan ho undersøkte eit sår på foten til sonen sin. Plutseleg fanga ho eit innsekt som kom flygande. Ho klemde det saman og la det på såret til sonen. Dette gjorde ho totalt tre gonger.

Det heile skjedde i Loango nasjonalpark, der forskarar studerer ei gruppe på 45 sjimpansar.

Forskarane har sagt at dei såg at sjimpansane rensa sine egne sår ved hjelp av innsekt minst 19 gonger i løpet av dei siste 15 månadane. Ved to høve såg dei at sjimpansane hjalp andre som hadde fått sår.

Blir glad for å få hjelp frå andre

Forskarane rapporterer om at sjimpansane ser ut til å bli glad for å så sårstell frå andre.

– Det krev mykje tillit for å la nokon andre plassera insekt inn i eit ope sår. Sjimpansane ser ut til å forstå at viss du gjer dette mot meg, så vil såra mine bli betre. Det er fantastisk, seier Pika til AFP.

Sjimpansen er ikkje det einaste dyret som er observert når dei steller sår. Fuglar, bjørnar, elefanfar og andre dyr gjer det samme. Men det unike med sjimpansen er altså at dei også hjelper andre.

Ikkje noko å hente på å hjelpa andre

Pika forklarer at nokre forskarar framleis har lite tru på at sjimpansar uselvisk vil hjelpa andre. Ho spør seg sjølv kvifor dei då hjelper andre med sårstell.

– Dei har ikkje noko å hente på å gjera dette. Hjå oss menneske er slik åtferd knytt til empati (omsorg for andre). Dette er ei hypotese det er verdt å studera nærmare, seier ho.