Vil ha slutt på bruk av grøn oasis i blomehandel

Har du lagt merke til at blomehandlarar ofte festar blomane i ei grøn, porøs blokk når dei lagar fine dekorasjonar? Den blokka blir kalla grøn oasis – men den er ikkje så grøn og naturleg som ein skulle tru.

Ei blokk grøn oasis inneheld like mykje plast som ti plastposar. Og når blomar blir kasta, ofte saman med oasisen, løyser den seg ikkje opp og råtnar slik blomane gjer. Den smuldrar berre opp i små bitar som kan hamna i naturen.

Då kan plasten i verste fall bli eten av fuglar og insekt.

GIF: Giphy-com

– Forsvinn ikkje

– Når du bruker oasis og han hamnar i naturen, forsvinn han ikkje, men løyser seg berre opp i mindre bitar, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet til NRK.

Ei blokk oasis inneheld like mykje plast som ti plastposar. Når den hamnar i naturen blir det mikroplast som er skadeleg for både dyr og folk.

WWF seier til NRK at dei ikkje trur folk tenkjer over at dette er plast. Dei ber blomebransjen om å finna meir miljøvennlege måtar å festa blomane på.