Politiinspektør reagerer på steling i Farmen

I ein episode av Farmen var deltakarane på marknad for å handla. Der stal dei varer som dei tok med seg tilbake til garden. Politiinspektør Kjell-Idar Vangberg reagerer sterkt på stelinga på TV. 

Etter episoden la Kjell-Idar Vangberg, politiinspektør i Vest politidistrikt, ut eit innlegg på Facebook der han kritiserte TV 2 for å visa at deltakarane stal godteri, mat og drikke.

Vil gjere som idola

– Eg synest ikkje noko om det. Me forstår at det er eit spel, men mange barn og ungdom ser på ser på dette som eit reelle program, og oppfattar det som noko anna enn eit spel. Eg har barn på ni og elleve år, og veit at fleire idoliserer fleire av deltakarane, og vil dermed gjera som dei. Dei stel åpenlyst og me ser at dei synest det berre er gøy. Då skaper ein haldningar hos barn og ungdom som ikkje er bra, seier han til Dagbladet.

Det var berre éin av Farmen-deltakarane som reagerte på stelinga i episoden, nemleg Kjersti Grini.

Ikkje ei oppfordring

Dagbladet har framlagt kritikken frå politiinspektøren for pressesjef i TV 2, Jan-Petter Dahl.

– Ramma rundt det som skjer på Farmen er eit fiktivt univers, lagt hundre år tilbake i tid. Marknaden er ein del av dette fiktive universet. Det betyr at kva deltakarane vel å gjera der, er opp til deltakarane sjølv, seier Dahl til Dagbladet før han held fram:

Pressesjefen gjer det klart at det som skjedde ikkje er ei oppfordring til å stela.