President Joe Biden har fått seg katt

USAs president og førstedama Jill Biden har kjøpt ein to år gamal gardskatt.

Den korthåra stipete hokatten har fått namnet Willow.

– Willow byrjar å bli husvarm i Det kvite hus, med yndlingsleikene sine, godbitar og eit stort hus ho kan lukta på og utforska, seier førstedama sin talsmann Michael LaRosa til NTB.

Katten er ikkje den einaste firbeinte i huset. Frå før har familien skaffa seg schæferen Commander. Les meir her: Dette er den nye hunden til Joe Biden.