No er James Webb på plass – 1,5 millioner kilometer vekke frå jorda

Verdas kraftigaste teleskop har nådd sin endelege destinasjon. No er James Webb heile 1,5 millioner kilometer vekke frå jorda.

1. juledag forlot James Webb-teleskopet jorda for å setja i gong med oppdraget sitt, som er å visa dei første stjernene som lyser opp universet.

Sidan den gong har den reist på tvers av solsystemet vårt, med ein gjennomsnittleg fart på over 50.000 kilometer kvar einaste dag! No er det kome fram til posisjonen der det skal observera universet, skriv BBC. 

– Me er eitt skritt nærare å avdekka mysteria til universet. Eg gler meg til å sjå Webbs første og nye syn på universet denne sommaren, seier NASA-administrator, Bill Nelson.

Skal fotografera universet

Foto: NASA GSFC/CIL/Adriana Manrique GutierreZ

Endestasjonen for teleskopet er kjent som Lagrange Point 2, og er heile 1,5 millioner kilometer vekke frå jorda. Men sjølv om det no er på plass der det skal vera, er det framleis mykje som gjenstår før fotograferinga kan setjast i gong – noko som er den faktiske jobben til teleskopet.

Det er eit håp om at Webb-teleskopet også vil nyttast til å leita etter teikn på framandt liv i verdsrommet.

Stor innsats for å få alt på plass

Dei kommande månadane skal derfor brukast til å justera instrument og posisjonen til teleskopet, slik at ein er sikker på at alt ligg til rette for å ta gode bilder.

Hovudoppgåvene for forskarane som jobbar med prosjektet, blir no å sku på dei fire instrumenta til observatoriet, i tillegg til å fokusera dei 18 små speglane som skal bli til ein massiv spegel.

– Det er ein stor innsats som ligg til grunn for å få alle delane frå den noverande tilstanden, til ein stor spegel, forklarer Charlie Atkinson, ein sjefingeniør på James Webb-prosjektet.