3 av 4 unge synest me bør halda fram med å ha ein kongefamilie i Noreg

76 prosent av unge mellom 16 og 20 år støttar monarkiet, ifølge ei ny undersøking.

Over 80 prosent svarar at dei trur monarkiet vil bestå slik at prinsesse Ingrid Alexandra blir dronning ein dag, skriv NRK.

Kva er eit monarki?

Ordet «monarki» kjem frå gresk, og betyr eine-styre, det vil seie at éin monark styrer over eit land. Monarken har i dei fleste land hatt titlar som konge, dronning, keisar, eller keisarinne. Monarkar har i praksis sjeldan styrt aleine, men delt makta si med adelen, sine eigne embetsmenn eller ei folkevald nasjonalforsamling.

Ungdommar NRK har snakka med i samband med undersøkinga, seier dei har eit inntrykk av at kongefamilien gjer ein god jobb, og representerer Noreg på ein god måte i utlandet.

– Eg er veldig glad for at vi har monarki, og kunne ikkje tenke meg ei anna styreform. Eg synest også det er fint at vi har ein konge og ei dronning, seier Ine Andreassen til NRK.