Mange har blitt meir negative til å ha konge eller dronning | Framtidajunior.no

Mange har blitt meir negative til å ha konge eller dronning

KONGEHUSET: I Noreg er det Kong Harald (til høgre) som er den øvste leiaren i landet. Kronprins Haakon (i midten) kjem til å arve trona etter faren, før Kronprinsesse Ingrid Alexandra (andre frå venstre) kjem til å arve trona etter faren sin igjen. Foto: Heiko Junge / NTB

I ei ny undersøking gjennomført for NRK kjem det fram at 36 prosent har fått eit meir negativt syn på kongehuset.

Då NRK stilte det same spørsmålet for to år sidan svara 17 prosent det same. Det vil seia at det har blitt mange fleire som er kritiske til at vi har monarki i Noreg.

President eller konge/dronning?

PRESIDENT: Joe Biden, president i USA. Foto: Evan Vucci, File / AP Photo / NTB

Monarki vil seia at den øvste leiaren i eit land er fyrste/fyrstinne eller konge/dronning. Det vil seia at leiaren ikkje er valt av folket, men har arva posisjonen sin.

Den alternative styreforma til monarki er republikk. Republikk inneber at den øvste leiaren i landet er ein president som er valt av folket, slik det til dømes er i USA.

Prinsessebryllaup og vald

Årsaka til at mange svarer at dei har fått eit meir negativt syn på monarkiet er mellom

BRYLLAUP: Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett giftar seg denne helga. Foto: Geir Olsen / NTB

anna forholdet til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett.

Dei siste åra har paret sagt og gjort ting som folk reagerer på og ikkje er samde i. Denne helga skal paret gifte seg i Geiranger.

I tillegg er Marius Borg Høiby, sonen til kronprinsesse Mette-Marit, ei årsak til at folk er meir negative til kongehuset. Tidlegare i sommar blei det kjent at han mellom anna har vore valdeleg mot kjærasten sin. Dette blir no etterforska av politiet.

Kva meiner du?

113 svar

Kven bør leie Noreg i framtida?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Kva meiner du?

75 svar

Stine får besøk av fem venner. Vennane kjenner ikkje kvarandre og handhelsar. Kor mange handtrykk må til før alle har helsa på kvarandre?

PS! Dersom Stine hadde fått to venner på besøk, hadde det vore nok med eitt handtrykk, og alle hadde handhelsa.

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir