Kalvar blir tatt frå mora med ein gong dei vert fødd

I Noreg er det vanleg at ein nyfødd kalv blir tatt frå mora med ein gang. Det gjer at dei blir stressa og veks mindre.

Kua får lov til å slikka ungen tørr etter fødselen, men så tar bonden kalven med seg til ein eigen binge. Der står den åleine nokre veker og får mat frå flaske. Kalven får ikkje ha kontakt med mora si, skriv Ung.Forskning.no.

I ein ny rapport frå Norsøk har forskarane snakka med bønder frå ti gardar, der dei ikkje skil mor og kalv med ein gang. På nokon av gardane var kalvane saman med mora i nokre veker, på andre i fleire månader. Bøndene fortalde at kalvane blir rolegare når dei ikkje blir skilde frå mora. Dei veks meir og får finare pels. Også kyra har det betre, for dei blir stressa når dei mistar kalven sin.

Ung.Forskning.no har spurt Julie Føske Johnsen, som jobbar på Veterinærinstituttet, kvifor kalvane ikkje får vera saman med mora etter fødselen.

– Bøndene vil passa på at kalvane får nok mjølk, og at dei ikkje blir smitta av sjukdommar. Derfor står kalvane åleine utan kontakt med dei andre dyra i fjøset, fortel ho.

Naturleg å vera saman

Ifølgje Julie er bandet mellom mor og kalv like viktig som det er for oss menneske. Derfor jobbar ho no med å finna ut korleis nye fjøs kan byggjast slik at kalvar og mødre kan vera saman.

– Kua tar godt vare på barnet sitt. Når dei får vera saman, får dei gjera det som er naturleg for dei, seier ho.

– Viktig med ny kunnskap

For å finna ut kva som er best med tanke på kor mykje tid mor og barn får saman, vil ein no sjå på gamle studiar frå den gong det fanst ville flokkar med kyr, oksar og kalvar.

– I naturen var kyr og kalvar saman i opptil 10 månader, fortel Føske Johnsen til Ung Forskning og legger til:

– Både bønder og kyr er opptatt av kva som er bra for kalvane. Så det er viktig med ny kunnskap om kva som fungerer aller best.

(Kjelde: Ung.Forskning.no)

GIF: Giphy.com