Leo (18) debuterte i Premier League

Leo Fuhr Hjelde (18) vart tidenes yngste nordmann i Premier League då han sundag debuterte for Leeds.

Den tidlegare Rosenborg-spelaren fekk debutere i Premier League for Leeds mot West Ham. 18-åringen vart sett inn då Junior Firpo måtte ut med skade etter 23 minutt.

– Hjarte dunka litt ekstra då, ja. Det skal eg ærleg innrømma. Det har vore ein gutedraum å debutera i Premier League, og å klara å få det til i ein så ung alder betyr veldig mykje. Eg debuterte i FA-cupen førre veke, og då fekk eg kjent litt på nivået. Eg følte meg klar, sa han til Dagbladet.no etter kampen.