Avkreftar myte: Vikingane brukte ikkje hjelm med horn

Myten om vikingar med hornhjelmar har vore tilstades i popkulturen i nesten 100 år. No stadfestar ny forskning at hornhjelmane kom tusenvis av år før vikingane.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om at Éin av fem unge vil isbade i vinter og lesa meiningsinnlegget «Ikkje straff lærarane for å gjera jobben sin».


– I mange år i populærkulturen, assosierte folk Viksø-hjelmene med vikingane, men faktisk er det berre tull. Det horna temaet er frå bronsealderen og kan sporast til den gamle nære austen, seier Helle Vandkilde til Live Science.

Ho er arkeolog ved Universitetet i Aarhus, og blant forskarane som rokkar ved myten om vikingar med horn på hjelmen.

Myten om hornhjelmen

Ifølgje artikkelen The invention of the Viking horned helmet, skrive av Yale-forskar Roberta Frank, oppstod myten om hornhjelmar på slutten av 1800-tallet med kostymedesignet til ein populær teaterproduksjon.

Etter dette blei hjelmmyten reprodusert tallause gongar.

Hjelmmyta blei endå meir forsterka i 1942. Då oppdaga ein torvarbeidar to bronsehjelmar med lange s-forma horn i ei myr i den lille byen Veksø i Aust-Danmark. Sidan metall er vanskeleg å tidfeste, kunne ikkje ekspertane seie nøyaktig kva tid hjelmane blei laga. Dei trudde hjelmane var frå nordisk bronsealder, og plasserte dei på det danske Nasjonalmuseet.

Les også: «Den asiatiske einhjørningen» forskarar aldri har oppdaga i det fri

Symbol på politisk autoritet

I 2019 oppdaga ein forskar ein liten tjæreflekk på eit av horna på den eine hjelmen, og tenkte at denne vesle flekken kunne gjere det mogeleg å datere funnet. Ved å sjekka tjæreflekken og innsida av hjelmane, kunne dei bekrefte tidlegare spekulasjonar.

No har forskarane på universitetet i Aarhus tidssett hjelmane til ca. 900 før vår tidsrekning. Det vil seie omtrent to tusenår før vikingar dro på røvartokt i Europa.

Forskarane seier at hjelmane sannsynligvis blei frakta rundt i Europa på handelsruter laga av fønikarene, ei gruppe sjøfarande handelsmenn rundt tusen år før vår tidsrekning.