Ny Ringenes Herre-serie er dyrare enn USAs måneutforskingsbudsjett

I september 2022 blir det premiere på verdas dyraste serie, nemleg Lord of the rings basert på universet til J.R Tolkien.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om at Fleire land forbyr storfilm grunna trans-karakter og at Professor meiner massetesting av elevar kan føre til auka smitte.

Fredag 2. september 2022 blir det premiere på serien mange har venta på.

Lord of the rings har vore i opptak på New Zealand frå februar 2020 til august 2021, men måtte ta fleire månaders pause grunna koronapandemien.

Serien er forventa å bli den dyraste TV-serien i historia.

Dyrare enn Game of Thrones

Første sesong av serien har eit produksjonsbudsjett på 465 millionar dollar. Dette vil seie omtrent 4 milliardar norske kroner. For å skissere kor enormt mykje ein milliard faktisk er, varar ein million sekund i 11 dagar, mens 1 milliard sekund varar i 32 år.

Desse milliardane er fordelt på 8 episodar, med 58 millionar dollar i budsjett per episode.

Til samanlikning kosta siste sesong av verdas hittil dyraste serie Game of Thrones, 90 millionar dollar, det vil seie 15 millionar dollar per episode.

Dei originale The Lord of the Rings-filmane var i si tid var nokre av dei største og mest ambisiøse filmprosjekta som nokon gong har vore laga.

Det samla budsjettet for dei tre filmane var på 281 millionar dollar – 181 millionar dollar mindre enn den nye serien.

Strenge sikkerheitstiltak

Handlinga for den komande The Lord of the Rings-serien er sett til andre tideverv –  tusenvis av år før handlinga til Hobbiten og Ringenes Herre.

Vi veit veldig lite om handlinga, og Amazon har hatt strenge sikkerheitstiltak for å ikkje lekke noko. Det eineste vi veit er at dei har tilsett rundt 20 skodespelarar som har vore med på innspillinga.