Gigantisk sjøøgle oppdaga i Nevada

Hovudskallen frå fiskeøgla er to meter lang.

For over 246 millionar år sidan svømte ei 17 meter lang fiskeøgle i havet, der Nevadaørkenen ligg i dag.

Denne fiskeøgla kan hjelpe forskare å forstå korleis moderne kvalar har blitt så store.

Saka vart først omtalt av Forskning.no i norske medium.

Funnen i Augustafjella

Skallen forskarane har funne er heile to meter lang. Skallen kan daterast til den geologiske perioden trias, som var for kring 247 til 237 millionar år sidan.

Fiskeøgla er det største dyret frå denne tidsperioden som enno er oppdaga, både på land og i vatn.

Illustrasjon av C. youngorum i Nevadasjøen for 246 millioner år siden.
Illustrasjon: Stephanie Abramowicz via Natural History Museum of Los Angeles County.

Kroppen skal ha vore på størrelse med ein moderne spermkval, altså 17 meter lang!

Fiskeøgla har fått det vitenskapelege namnet Cymbospondylus youngorum av forskarane.

Enormt stor på veldig kort tid

Hovudskallen blei funnen saman med ein del av eit ryggbein, ei skulder og ei forfinne. Den har hatt finnar og kroppsform som liknar på moderne fisk og kvalar.

Derfor kan skallen hjelpe oss å forstå utviklinga i moderne kvalar.

Sjølv om fiskeøgla og moderne kvalar har likskapstrekk, så har fiskeøgla vorte gigantisk på mykje kortare tid enn kvalar.