Skrivekonkurranse: Skriv om oppfinningar og oppdagingar – og vinn fine premiar!

Bli med på skrivekonkurransen til Framtida Junior og Tid for ti og Foreningen !les!

Vel éi av desse oppgåvene:

– Skriv om ei oppfinning du skulle ønske at fanst, og korleis oppfinninga ville gjort verda betre
– Skriv om ein oppdagar eller oppfinnar som har vore viktig i historia

Krav:

  • Teksten må vera mellom 100 og 400 ord
  • Teksten må vera  på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar

Frist: 15. mars 2022

Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior. Me plukkar òg ut fleire bidrag som får t-skjorte og abonnement på papiravisa Framtida junior i to månader og bokpakke frå Foreningen !les.

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com og ole@foreningenles.no

Skriv «Skrivekonkurranse 2022» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.

Konkurransen er eit samarbeid mellom Framtida Junior og leseaksjonen Tid for ti i regi av Foreningen !les. På tidforti.no kan du less utdrag frå boka Ti utrulege oppfinningar og andre gode bøker.