Fem kjappe frå Teddynauten

Ville han helst reist til sola eller til månen? Og finst det andre i verdsrommet? Me har stilt nokre vanskelege spørsmål til Teddynauten, og her kan du lesa svara hans.

Kva planet vil du helst bu på?

– Dersom det hadde vore mogleg, ville eg budd på Jupiter. Det er ein gassplanet og eg ville ha ramla rett inn i planeten om eg hadde prøvd å stå på overflata der. Å bu på Jupiter ville vore kjempespennande, for då kunne eg utforska alle månane som går i bane rundt han.

Reisa til sola eller til månen?

– Eg er veldig glad i sol og varme, men eg er redd eg ville svidd av meg pelsen om eg prøvde å reisa til sola. Det hadde vore veldig spennande å reisa til månen og sjå ein jordoppgang. Eg høyrer det skal vera eit veldig flott syn.

Burde Pluto bli ein planet att?

– Stakkars Pluto. Tenk å vera ein planet, for så plutseleg å ikkje vera det lenger. Eigentleg burde Pluto bli ein planet att, men då må jo alle dei andre dvergplanetane også få bli planetar. Akkurat no har me åtte dvergplanetar som har fått namn, men det er kanskje 10.000 fleire som forskarane studerer for å sjå om dei er dvergplanetar.

Finst det andre i verdsrommet?

– Dette er eit av dei mest spennande spørsmåla eg veit om, for me veit ikkje kva svaret er! Det einaste me veit er at verdsrommet er enormt stort og at det er om lag tusen milliardar milliardar stjerner i universet. Om berre halvparten av stjernene har planetar – tenk kor mange planetar det er i universet då! Og tenk kor mange moglegheiter det gir til å laga ei eller anna form for liv.

Største forbilde?

– Alle de unge som har alle moglegheiter føre dykk. Det er så utruleg mykje de kan finna på, og utfordringar de kan løysa. Det er berre kreativiteten som set stopper for dykk.

Les også: Teddynauten svarar: Slik er det å vera astronaut