Dette er årets ord i 2021

Språkrådet har kåra «sportsvaske» til årets ord i 2021.

Ordet blir brukt når styresmaktene (som er dei som bestemmer i eit land), brukar store sportsarrangement for å setja seg sjølv i eit betre lys eller ved å kjøpa opp eller sponsa populære sportsklubbar.

I 2022 skal fleire store idrettsarrangement haldast i land som blir kritiserte for å bryta menneskerettane.

Fleire meiner til dømes at landet Qatar, som skal halde verdscupen i fotball 2022, brukar verdscupen som reklame for landet – slik at folk skal gløyme at kvinner og innvandrarar har veldig få rettar og blir behandla veldig dårleg.

I samband med dette har ordet sportsvaske blitt aktuelt også på norsk, skriv Språkrådet.

– Opphavet er truleg engelsk sportswashing, som har vorte til sportsvasking på norsk, seier seniorrådgivar i Språkrådet Dagfinn Rødningen i ei pressemelding.

Framleis prega av pandemien

I 2020 vart årets ord koronaen. Også i 2021 pregar viruset kvardagen vår, og mange av orda på topplista er korona-relaterte.

Me finn både TISK, antivaksar og mutantvirus på lista.

TISK er ein metode brukt til å hindre smittespreiing: testing, isolasjon, smittesporing og karantene. Ein antivaksar er eit uttrykk for ein person som er motstandar av vaksinar og mutantvirus har vore mykje brukt i samanheng med at koronaviruset fleire gonger har endra seg og fått nye eigenskapar.

I fjor var å halda meteren, flata ut kurva og sprita på lista over ord som hadde festa seg i språket vårt. Direktør i Språkrådet Åse Wetås, seier at ein ser at språket forandrar seg i takt med kva som skjer i samfunnet.

– I årets liste ser me at pandemien er inne i ein annan fase, og orda viser til diskusjonar rundt vaksinar og smitteverntiltak.

Dette er ti-på-topp-lista i 2021, med skildingar frå Språkrådet: 

1: sportsvaske

  • At styresmakter i autoritære land brukar store sportsarrangement for å setja seg sjølv i eit betre lys eller søker å oppnå det same ved å kjøpa opp eller sponsa populære sportsklubbar.

2: mikromobilitet

  • At éin person eller nokre få personar brukar små transportmidlar over korte avstandar (til dømes ein elsparkesykkel).

3: arealnøytral

  • At eit område er arealnøytralt, vil seia at dersom ein del av naturen blir bygd ned, må eit tilsvarande utbygd område ein annan stad i det arealnøytrale området førast tilbake til naturen.

4: TISK

  • Ein metode eller strategi brukt til å hindra smittespreiing. TISK er ei forkorting som er laga av første bokstav i orda testing, isolasjon, smittesporing og karantene.

5: antivaksar

  • Omgrep for ein person som er aktiv motstandar av vaksinar.

6: halvleiar

  • Halvleiarar er stoff med eigenskapar som gjer dei svært viktige for den moderne mikroelektronikken, og auken i bruken av ordet i 2021 har samanheng med stor etterspørsel etter halvleiarar.

7: sysselmeister

  • Som eit ledd i arbeidet med å skifta ut kjønnsspesifikke titlar på forskjellige jobbar, avgjorde Justis- og beredskapsdepartementet seint i 2020 at sysselmeister skal erstatte embetsnemninga og stillingstittelen sysselmann frå 1. juli 2021. Tittelen blir brukt om den øvste representanten for regjeringa på Svalbard.

8: mutantvirus

  • I takt med at koronaviruset fleire gonger har endra seg og fått eigenskapar som har sett ny fart i smittespreiinga, har ordet mutantvirus vore hyppig brukt.

9: hamnespy

  • I 2021 er det fleire stader langs vestlandskysten vore gjort funn av ein framand vekst som fortrengjer andre naturlege vekstar på sjøbotnen. Det lignar på spy og er uønskt i havområda våre. Veksten blir kalla japansk sjøpung, men Artsdatabanken har òg registrert namnet hamnespy.

10: biogen

  • Adjektivet biogen har vore ein del i bruk i diskusjonar om CO2-utslepp. Det blir brukt om materiale som ved forbrenning gir mindre utslepp av CO2 enn fossilt materiale.