Omvendt adventskalender: – Gir i staden for å få

Leirvik skule har ein heilt spesiell adventskalender. I staden for å få pakkar, så gir dei pengar til ein barneheim i Kenya.

Den omvendte adventskalenderen handlar om å gi noko til nokon som verkeleg treng det.

– Me gjer husarbeid heime, og får litt pengar i frå foreldra vår. Dei pengane gir me vidare til ein barneheim i Kenya, forklarar Marie Hatlevik (10).

Leirvik skule har i lang tid hatt eit samarbeid med barneheimen i Kenya.

Marie Hatlevik, Raehd Alrifai, Hanna Nerhus Haukefær og Emma Sofie Larsen. Foto: Svein Olav B. Langåker

Vil dela jula med andre

Elevane ved Leirvik skule har valt å ha denne ordninga for å hjelpa dei som treng det. Slik at barna på barneheimen i Kenya skal få høve til å gå på skule, og få nok mat.

– Alle barn har rett til å gå på skule, men det er framleis ikkje slikt alle plassar i verda, seier Raehd Alrifai.

– Det som er fint med julekalenderen er at me ikkje held jula for oss sjølv, men at me deler jula med andre barn, seier Marie.

Likar godt kalender-ordningane

Alle er einige om at kalender-ordningane deira er heilt topp.

– Det er bra, fordi pengane går til ei god sak. Då blir det mindre urettferdig. Me har mobil og ipad, medan dei har nesten ingenting, seier Hanna Nerhus Haukefær.

– Det er bra at me hjelp, slik at dei har råd til nok mat, seier Emma Sofie Larsen.

Raehd fortel at han ikkje har budd i Noreg heile livet.

– Eg har budd i Syria. Difor synest eg det er viktig at me hjelp dei som treng det.

Elevane synest andre skular burde gjera som dei – å ha omvendt julekalender. Skulen har også gjort andre ting for å gi pengar til dei som treng det. I fjor hadde dei temaveke og open dag, der dei samla inn pengar til borna i Kenya.