– Eg har hatt lyst til dette lenge! Tidlegare jobba eg med teikneseriar for vaksne, men her i Noreg har me ikkje så mange norskproduserte teikneseriar for barn. Dei siste fem åra har det heldigvis kome meir og meir, fortel Fredrik.
3. juli i år vart «Plastikkbarna» lagt ut for aller fyrste gong – same dag som eingongsplast vart ulovleg i Noreg. Etter lanseringa har han lagt ut kapittel 2 på www.plastikkbarna.no. Snart kjem kapittel 3.
Artikkelen held fram under teikneserieruta.

Nynorsk, kvensk og samisk
Fredrik har valt å skriva teksten i snakkeboblene på både nynorsk, samisk og kvensk. Han kjenner ikkje til andre norske teikneseriar som er oversett til både samisk og kvensk.
– Eg har alltid vore interessert i språk, og det er jo det som er så fint med digitale teikneseriar – at me kan endra språk på ein enkel måte. Me må ikkje gløyma at samisk og kvensk er viktige språk.
Fredrik har laga teikneserien slik at den er enklast å lesa på mobil.
– Eg har tenkt på at den skal vera veldig tilgjengeleg – og den kan vera eit fint alternativ til andre ting me brukar mobilen til, seier han.
Artikkelen held fram under teikneserieruta.

Basert på eigen barndom
Teikneserieskaparen har vore oppteken av klima og miljø heile livet.
– Eg er oppvaksen med Blekkulf-klubben, og fekk tidleg inn at det er viktig å ta vare på miljøet. Me laga ein eigen miljøklubb i bygda der eg vaks opp. Eg teikna medlemsbladet. «Plastikkbarna» er i grunn mykje av det same som eg gjorde då eg var liten, fortel han.
Fredrik håpar barn og unge blir inspirert av serien.
Artikkelen held fram under teikneserieruta.

– Plastforureininga er vanskeleg å takla og forstå seg på. Eg ville laga ein serie om heilt vanlege ungar som viser kva barn og unge kan gjera sjølv – og kva ein ikkje kan gjera sjølv. Målet er å orientere om plastforsøpling – på ein underhaldande og kul måte, fortel han.
Teikneserien handlar om miljø og klima – men ikkje med ein streng peikefinger. Den handlar også om venskap og kvardag.
– Det er like mykje alle desse kvardagslege problema barn og unge møter på – til dømes at nokon er veldig populære, medan andre slit med å få vener. Eg ville laga ein serie som var ekta, seier Fredrik.