Emmy-pris til norsk serie

NRK sin dramaserie «Atlantic Crossing» vann den internasjonale Emmy-prisen i kategorien beste TV-film eller miniserie.

– Dette er jo julaftan, bursdag og å vinna i OL på ein og same gang. Det kjennest nesten litt uverkeleg. Eg har jobba med «Atlantic Crossing» i ni år og skal ikkje legga skjul på at det har vore krevjande. Det kjennest bra å få ein heider, seier regissør og serieskapar Alexander Eik til NTB.

– Dette er det største ein kan oppnå innan TV-drama. At noko sånt kunne skje, er noko ein knapt har trudd å håpa på, legg han til.

– Alt er mogleg

I serien spelar Sofia Helin og Tobias Santelmann kronprinsesse Märtha og kronprins Olav, og handlinga er lagt til krigstida på 1940-talet.

Regissør og filmskaparen seier at han håpar prisen vil inspirera kollegaer og unge filskaparar til å tora å drøyma stort.

– Dette viser at alt er mogleg frå vesle Noreg, seier han.