Gir tromma tilbake til samane 

Danmarks nasjonalmuseum har konkludert med at dei vil gje tilbake den sjeldne, samiske tromma som har skapt splid mellom samane og Danmark.

Tromma vart konfiskert etter trolldomsprosessane i 1692, og sendt til København – men kjem no tilbake til samane etter mykje diskusjon, skriv VG.

Denne spesielle tromma vart tatt frå den samiske sjamanen Anders Poulsson i 1692. Han vart arrestert fordi han brukte tromma. I avhøyr fortalte Poulsson at han brukte tromma til å skaffa lykke for reindrift og lindra smerte. Tromma vart deretter konfiskert og sendt til kunstkammeret til den danske kongen i København.

Under trolldomsprosessane vart kvinner og menn ført for retten skulda for trolldom. I landet vårt ramma denne forfølginga Finnmark særleg hardt. I perioden 1600–1692 vart 135 menneske skulda for trolldom og ført for retten i Finnmark.