Amnesty: – Uhyrleg modig

Ein kinesisk aktivist har filma det han meiner er konsentrasjonsleirar i Kina.

På YouTube har mannen som kallar seg «Guan Guan» lagt ut ein 20 minutt lang dokumentar om kva han såg i Xinjiang-regionen.

– Uhyrleg modig, seier politisk rådgivar i Amnesty, Gerald Folkvord til NRK.

Foto: Skjermdump / YouTube

Det er her Kina blir skulda for å setja den muslimske uigur-minoriteten i leirar der dei skal læra å bli «gode kinesarar». Guan meiner han no har henta inn bevis for at det finst slike leirar.

I videoen fortel den unge aktivisten at han frykta for å bli tatt med det skjulte kameraet, som var gøymt i ein ryggsekk. Han seier også at utanlandske journalistar sjeldan får tilgang til å gjera intervju i Xinjiang.

– Eg tenkte: utanlandske journalistar kan ikkje reisa hit, men det kan eg.

Her er videoen:

Til saman fann han det han meiner er 18 mistenkelege leirar – dei fleste omgitt av murar, piggtråd og vakttårn.

– Umiddelbart kan eg seia at det ein ser i filmen stemmer med det me veit, seier Gerald Folkvord.

Han seier at dei kinesiske myndane har endra forklaringa si om leirane fleire gangar. Først skal myndane har nekta for alt, før dei etter kvart bekrefta at leirane var frivillige yrkestrenings-senter for arbeidsledige.

– Du treng ikkje piggtråd og vakttårn for frivillig arbeidstreing, seier Folkvord.