Me er blitt mindre fornøgde med livet

Eitt år etter at pandemien vart ein realitet i Noreg, svarte nesten ein tredjedel at dei er lite fornøgde med livet sitt.

Dette er ein auke frå året før, då 26 prosent fortalde at dei var tilfreds med livet i 2020. Det er dei som bur i Oslo som kjenner seg mest nedstemt, skriv SSB.

– Nedgangen i tilfredsheit frå 2020 til 2021 tyder på at koronasituasjonen og ulike smittevernstiltak kan ha hatt ein negativ effekt på livskvaliteten for nordmenn. Då me utførte undersøkinga i 2021, hadde me levd med smittevernstiltak i forskjellig grad i eit heilt år, seier rådgivar Kristina Strand Støren.

Spennande å sjå til neste år

Resultata viser at nordmenn i mindre grad føler at livet er meininsfullt, dei opplever mindre meistring, engasjement og givande relasjonar. Strand Støren fortel at det blir spennande å sjå korleis dette har utvikla seg til neste år.

– Det blir spennande om me ser ein tydeleg oppgang igjen når me har levd i eit meir ope samfunn ei stund, seier ho.

Er du fornøgd med livet ditt?

Er du fornøgd med livet ditt?

Ja15
Nei9
Eg veit ikkje1
Svar totalt: 25