Vulkanutbrotet på La Palma held fram

Sju veker etter at vulkanutbrotet på La Palma starta, ser det framleis ikkje ut til å gi seg.

Vulkanutbrotet starta den 19. september. Sidan den gong har om lag 7000 menneske blitt evakuert frå heimane sine. Lava og aske har øydelagt om lag 2700 bygg, skriv NTB.

Nyleg vart det registrert at talet på jordskjelv og utslepp av svoveldioksid frå vulkanen, har gått noko ned.

Faren er ikkje over

Ifølgje Carmen López, som jobbar som talsperson for det spanske krisebyrået Pevolca, er det ikkje nok til å tru at faren på øva er over. Ho meiner at det er heilt normalt at nivåa kan svinga litt.

– Ikkje noko tyder på at det vil stansa i løpet av den næraste tida, seier ho.

Les også: Massivt vulkanutbrot på kanariøya La Palma

Les også: Fiskane på La Palma forsvann lenge før vulkanutbrotet