Fryktar piggsvin går i dvale for tidleg

Dei legg seg i dvale for små og utan nok næring. No fryktar Pinnsvinhjelpen mange døde piggsvin etter tørka i sommar. 

– Eg synest det er trist og urovekkande. I år har me hatt usedvanleg mange piggsvin, men me har aldri hatt så små. Dei skulle vore veldig mykje større, seier Ingrid Fosse til NRK. Ho er leiar for Pinnsvinhjelpen.

I haust har den frivillige organisasjonen fått mange beskjedar om magre piggsvin. Normalt går piggsvin i dvale i månadsskiftet oktober/november. Ifølgje Fosse bør dei då vega opp mot éin kilo. Men i år har fleire lagt seg for tidleg og dei veg berre mellom 100 og 200 gram.

– Dei kjem mest sannsynleg ikkje til å overleva. Dei er for små til å klara seg sjølv, seier ho.

Tørr sommar

Trude Magnussen er leiar i Norsk entomologisk foreining og forskar på insekt ved Naturhistorisk museum i Oslo. Ho seier til NRK at den tørre sommaren kan ha bidrege til at piggsvina ikkje har fått tak i nok mat.

– Det er ikkje noko forsking som viser til dette, men det er logisk at det kanskje har vore litt vanskeleg for sneglar, meitemark og ein del larvar som lev i fukt, seier Magnussen.

– Ikkje for seint å hjelpa

Beate Johansen er jobbar ved Universitetet i Agder, og har tidlegare forska på piggsvin. For å hjelpa piggsvina, oppfordrar ho folk til å legga ut mat.

– Det er ikkje for seint. Viss ein ser at piggsvin rundt huset, så legg gjerne ut mat og vatn. Då får dei ete seg opp nokre veker. Dei legg fort på seg, seier Johansen.