Snart kan du få norske eple om vinteren 

Har du lagt merke til at det er umogleg å finna norske epler i butikkane delar av året? Det skal endra seg no.

Ny teknologi skal nemleg gjere det mogleg å kjøpa norske eple lenger utover vinteren, melder Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Målet er at norske epleprodusentar skal stå for 20 prosent av epla som blir selt frå desember til mars, innan tre år.

Mindre oksygen

Eplesesongen strekker seg normalt frå september til november. Men eit nytt prosjekt som tek i bruk ny lagringsteknologi på ein systematisk måte, gjer at dei som sel epler i år kan tilby norske eple utover vinteren.

I framtida kan det bli mogleg å eta norske eple året rundt, seier Svein Børte i Telefrukt AS i ei pressemelding.

– ULO-lagring står for Ultra low oxygene, og inneber at ein senkar oksygennivået slik at nedbrytninga av epla går saktare. Med denne teknologien blir epla liggande i dvale og kan halda seg saftige i meir enn eit halvt år etter innhausting, seier Børte.